TFO-film

Sosiale medier

Tennisbursdag

Skal du feire bursdag?

Prøv tennisbursdag

Les mer

Påmelding åpne turneringer

Ynskjer frå styret for 2019 – framsnakk!

Ynskjer frå styret for 2019 – framsnakk!

STK står langt frå i ro og er ein klubb med tydlege målsetjingar. Men for at me skal oppnå ytterlegare vekst, med betre tilbod til medlemene og ennå betre sportslege resultat, er det viktig at me gjer kvarandre gode, viser respekt, dyrkar vinnarkultur og at alle opplever trivsel og glede. Me skal byggja vidare på det som me har oppnådd til no, men me treng ennå fleire støttespelarar og medhjelparar for å ta solide steg vidare. For 2019 ynskjer me i klubben at me alle skal verta flinkare til framsnakking;

Skrevet av Cezar Johansson den 21.12.2018

Status for 2018 og ynskjer for 2019 – frå styret

 

Stavanger Tennisklubb kan ennå ein gong sjå tilbake på eit godt tennisår og no på tampen av året har me lyst til å peika på nokre av høgdepunkta og samstundes koma med eitt ynskje for 2019.

 

Aktivitet og resultat

Klubben opplever også i år eit svært stort aktivitetsnivå med eit breidt og stort tilbod til alle, og med solide sportslege resultat. Me har ventelister for TFO og barnetennis og på juleavslutninga var det over 60 born på 14 minibanar. For dei vaksne har temasamlingar vore den store slageren i haust med 4-timarssamling på sundagar, dette i tillegg til drop-in, ligaspel, Juvesen og dei vanlege vaksenkursa. Vår konkurransegruppe er Norges største og med god vekst i gruppene under (8 jenter i 2006 årskullet!) ser framtida lovande ut. Me har 4 herrelag og 2 damelag i lagtennis, der herre elite var kun ein hårsbreidd frå å igjen vinna NM-tittelen. Me har over lang tid vore leiande på turneringsarrangement med årleg gjennomføring av NC, NM, Master, TennisEurope, ITF i tillegg til mange lokale turneringar der Juvesen er høgdepunktet - under Tennisweek no i november var det spelarar frå over 40 ulike land. Dette er svært imponerande og ingen andre klubbar i landet kan visa til det samme.

 

Anlegg

Me har i klubben sidan april 2016 brukt mykje tid på å sikra vilkåra for tennis i Tennishallen og for at me som klubb skal ha ein horisont som gjer at me kan planleggja for framtida. I haust har me fått på plass ein avtale som sikrar oss nettopp dette, der kommunen går inn og tek eit sterkare ansvar for vedlikehald, reingjering og drift. Me merkar dette på det daglege reinhaldet, men ser det kanskje sterkast på oppussinga som no føregår i foajenen. Herregarderoben er allereide ferdigstillt, og framover skal ventilasjonsanlegget oppgraderast og me skal gjera endringar på planløysinga i kafe-kontor-resepsjon. Til neste år vert det også nytt banedekke. For eit par veker sidan godkjente Parkavdelinga i kommunen teikningar for 2 nye utebanar på Hafrsfjord og me håper at me kan gå i gang med anleggsarbeid til våren. Alt dette fører til at klubben sine kostnader for drift går ned samstundes som kvaliteten på tilboda går opp. Me veit frå før at me er mellom dei billegaste klubbane i landet på baneleige, medlemsskap, pris for privattimar, tennisskule, TFO og konkurransegrupper. I sum er det ingen andre klubbar i landet som kan visa til det samme.

 

Team

Grunnlaget for suksess ligg alltid i teamet som står bak. For oss inkluderer dette spelarar, foreldre og alle våre medlemmer, i tillegg har me ein alltid smilande og hjelpande administrasjon og resepsjon. Men grunnfjellet ligg hjå vår daglege leiar og våre trenarar; me har i dag 8 fulltidstilsette trenarar, og mange timetrenarar, med eit sterkt rotfeste i Stavanger og der alle har eit genuint og brennande ynskje om å få til det beste for heile regionen. Ingen andre klubbar i landet kan visa til det samme!

 

Ynskjer frå styret for 2019 – framsnakk!

STK står langt frå i ro og er ein klubb med tydlege målsetjingar. Men for at me skal oppnå ytterlegare vekst, med betre tilbod til medlemene og ennå betre sportslege resultat, er det viktig at me gjer kvarandre gode, viser respekt, dyrkar vinnarkultur og at alle opplever trivsel og glede. Me skal byggja vidare på det som me har oppnådd til no, men me treng ennå fleire støttespelarar og medhjelparar for å ta solide steg vidare. For 2019 ynskjer me i klubben at me alle skal verta flinkare til framsnakking;

 

Dette skal me fortelja oss sjølve og andre i løpet av 2019 og sånn skal me også halda fram med å bli ennå betre – på alle felt!

 

God jol og godt nyttår til alle.

 

Beste helsing

Styret i Stavanger Tennisklubb

Tilbake   Utskriftsvennlig versjon   Abonnér på nyheter