TFO-film

Sosiale medier

Tennisbursdag

Skal du feire bursdag?

Prøv tennisbursdag

Les mer

Påmelding åpne turneringer

Rapport fra Landsturneringen U12

Rapport fra Landsturneringen U12

Her kommer rapport fra Landsturneringen som gikk fra 3. til 10. august.

Skrevet av Henning Frøystein den 17.08.2013

Rapport frå Landsturneringa 2013

 

Landsturneringa 2013 vart i år arrangert av Heming i Oslo. Til saman 11 spelarar frå Stavanger Tennisklubb deltok frå opningsdagen den 3 august fram til finaledag den 11. Vekslande vêr gjorde at det vart ein blanding av inne og ute dagar, men arrangørklubben gjorde ein fantastisk innsats både på serveringssida og med gjennføring av kampdagane. Stor honnør!

Finale

På den siste dagen stod Anne Sedberg Myhre klar til å spela single-finalen for jenter 12 år. Vegen fram til finalen hadde vore tøff og gjekk via 2nde seeda Sarina Reinertsen (6-2, 6-4) i kvartfinalen og 3dje seeda Lilly Håseth i semifinalen. I semifinalen viste Anne solid psyke og vilje når ho snudde kampen frå matchball til Lilly på stillinga 6-4, 5-4 til seier etter eit knalltøft tredjesett som gjekk via tie-break og til slutt 4-6, 6-4, 7-6 (3) til Anne. I finalen stod 1ste seeda Emilie Elde på andre sida. Anne gjekk flott ut og vann 1st sett 6-2 i eit sett som nok var prega av finalenerver frå begge to. I andre sett var det veldig jamt der dei fylgde kvarandre game for game. Men spelet tok seg no opp og begge spelarane vist styrke og godt spel. Anne leia 5-4 men Elde kontra og fekk 5-5. Etter ennå to game stod det 6-6. Ikkje bra for mor Siri som no hadde meir enn tynnslitne nerver. Men i tie-break var det ingen tvil – Anne tok føringa frå start og henta heim tittelen som vinnar av Landsturneringa med 6-2, 7-6 (3). Knallkjekt og stort grattis!

Jentene

På jentefronten stilte STK sterkt med til saman 6 jenter. I tillegg til Anne så tok Unn Helliesen Ramsland, Kitty Helgø og Ylva Frafjord Landa seg vidare til A-sluttspel etter innleiande gruppespel.

Ylva kom i ei tøff gruppa der ho tok ein sterk siger mot 15nde seeda Mille Hågensen men tapte mot Kristine Eliassen Theys som bur i Frankrike og var useeda. Ho vart såleis nr 2 i gruppa og fekk då møta ein gruppevinnar allereide i fyrste sluttspelkamp. Her trekte ho seinare semi-finalist Lilly Håseth som stoppa vidare spel for Ylva. Men flott innsats!

Unn hadde full kontroll i gruppespelet og cruisa inn som gruppevinnar med kun 3 tapte game på tre kampar! Fyrste sluttspelkamp vart ein komfortabel 0 og 3 seier. Diverre viste trekkinga 1ste seeda allereide i neste kamp. Finalist Emilie Elde vart for tøff denne gongen.

Kitty kom godt i gang på laurdagen med siger 0 og 1 mot Emilie Marceliussen-Dahl. Sundag møtte Kitty fyrst Jenny Stray Spetalen. Her måtte Kitty verkeleg gå i seg sjølv og henta fram god vilje og sterk psyke før ho til slutt vann 7-5, 6-1. Solid opphenting der ho viste at det var liten tvil om kven som var best. Andre kampen på sundag vart eit veldig jamt oppgjer mot Anine Ryder der Kitty diverre tapte 4-6, 3-6. I A-sluttspelet hadde ikkje Kitty marginane på si side og det vart diverre stopp i fyrste runde mot Anine Wiberg.

Caroline Kurdahl-Martinsen og Inger Sedberg Aarthun fekk det begge tøft i gruppespelet. Caroline spelte kanskje sin beste kamp mot Jenny Dal Østensen, men etter å ha viste gode takter enda det diverre med tap 2 og 3. Jenny gav seinare finalist Emile Elde god motstand i A-sluttspelet. Inger fekk også tøffe kampar i gruppespelet men gav god motstand og plukka fleire game frå alle motstandarane. I B-sluttspelet vart det diverre stopp i fyrste runde mot den seinare vinnaren av B-sluttspelet Jenny Maria Gjøs 3-6, 2-6.

Gutane

Av gutane gjekk Arild Wiig-Fisketjøn, Nils Tveit Gjerdåker og Mathias Jæger-Pedersen til A-sluttspelet.

Arild starta turneringa med ein solid 0 og 1 på laurdagen mot Mads Edvard Langaard Lund. Men sundagen gav tøffare motstand og mot Sander Larsplass Johansen gjekk fyrstesettet til tap1-6. Men i andre settet drog Arild fram vilje og heva spelet sitt slik at det vart revansj 6-1. Det vart såleis til eit avgjerande super-tiebreak som Arild henta med komfortable 10-4. Siste gruppekampen mot 8nde seeda Amit Arjun Roopan vart i tøffaste laget og enda med tap 0 og 1. I fyrste kampen i A-sluttspelet møtte han Martin Stray Schmidt og etter eit langt og spennande 1ste sett enda diverre kampen med 7-6 (2), 6-1.

Mathias hadde små vanskar i innleiande gruppespel og henta heim tre solide sigrar og vann med det gruppa si. I A-sluttspelet møtte han fyrst Christian August Foss. Her hadde Mathias litt startproblem og kom skeivt ut med 2-6 i fyrste settet. Andre settet vart jamt  og Mathias kjempa seg definitivt inn att i kampen. 6-4 til Mathias. I tredje sett viste Mathias at han hadde ennå meir å gje og kjempa seg til vinnar av kampen etter mykje godt spel og 6-3. Publikum var fornøgd;velregissert og med rett vinnar! I lille-kvart møtte Mathias seinare finalist Herman Høyeraal i ein kamp som svinga litt fram og tilbake. 3-6, 1-6 fortel at det var langt frå einvegskøyring og med solid motstand frå Mathias men diverre tap.

Nils kom veldig skeivt ut på laurdagen og tapte 4 og 0 mot Fredrik Mohr Waaler. Det var tydleg at her var verken nerver eller fokus heilt på plass. Men på sundagen heva han spelet sitt betraktleg og gav kun eit game til kvar av motstandarane. I A-sluttspelet trekte Nils 12te seeda Nikolas Tvedt. Dette vart ein kamp som Nils ikkje ville tapa. Og med stort spel, vilje og guts til å setja dei vanskelege droppane, gode smash’ane og volley’ane, kombinert med godt grunnlinjespel, så henta han kampen heim med solide 6-3, 6-2. Neste kamp mot Heeirthan Shanthan vart definitivt tøffare. Sjølv etter tappert og godt spel i fyrste sett vart det tap 6-0, 6-0.

For Mats Kamps vart gruppespelet tøft. I fyrste kamp møtte han 6te seeda Jonathan Berling som enda med 0 og 1 tap. Neste kamp vart mykje kjekkare og Mats kom solid tilbake og vann her 6-2, 6-1. Veldig bra. Men han hadde trekt ei tøff gruppa; siste kamp mot Filip Aksel Hovland enda 0 og 1 og dermed B-sluttspel. Her viste Mats ingen nåde og henta igjen fram stort spel og vann fyrste kamp 6-3, 6-3. Neste kamp var diverre ikkje med i tankane når ferien vart planlagt og han måtte diverre gje wo. Men til neste år...

U10

Nytt av året var at U10 hadde si eige turnering og ikkje lenger spelte i Landsturneringa for U12. Men også denne gjekk på Heming, samtidig som U12. Lars Sedberg Aarthun var einaste deltakar frå Stavanger og hadde to flotte kampar i gruppespelet som diverre begge enda med tap. Turneringsformatet vidare var då også gruppespel i eit B-sluttspel der Lars fekk to nye kampar. Også her kjempa Lars tappert og fekk mykje godt spel og viktig erfaring med seg vidare.

Double og miks

Samtlege spelarar var også med i double og miks og mange fekk gode resultat og gjekk langt, enten i A-sluttspel eller i B-sluttspel. På gutesida gjorde Nils og Mathias det veldig bra og kjempa seg fram til ein semifinale. Kvartfinalen vart ein thrillar der dei fekk matchball mot seg på stillinga 5-4 i andre settet. Men gutta snudde kampen og tok dei neste tre gamene. Og i avgjerande super-tiebreak var spenninga høg med ein innsats og iver som vart lagt merke til langt bortover på tribunen. På 9-7 var Mathias og Nils sikre på at dei sette inn matchballen, men nei, dømt hårfint ute. Ny spenning, 9-8, ballen eit par gonger fram og tilbake før pang, og ballen satt i kroppen på motstandaren; 10-8 og match.

Av jentene var det Anne som saman med Julia Skarpholt frå Heming som kom lengst. I kvartfinalen vann dei fyrste sett 6-2, men tapte så andre sett 3-6. Kampen måtte avgjerast i super-tiebreak. Her gjekk Anne og Julia relativt lett opp i til 9-3 og dei fleste såg vel kampen som over. Men, igjen, i tennis kan alt skje og kampen er ikkje over før siste ball er spelt. Det enda diverre med tap 9-11.

Lars Gjerdåker

Tilbake   Utskriftsvennlig versjon   Abonnér på nyheter